Planlegger du læring til høsten? KOMMUNIKASJON OG SELVLEDELSE er et bra sted å starte
Studier Om oss Kurs Coachpool Historier FAQ Gratis råd Innlogging

Dei gode øyeblikka

Den gong då jula starta på julekvelden.
Den gong då jula var kvit, og det knitra under skoa når eg gjekk.
Pakkane under treet var få, men veldig så velkomne.
Naturen hadde pynta seg til høgtid, og me kunne greia oss med enkel julepynt inne.

Eg kjenner at eg blir gripen av barnsleg forventning no om dagane, i adventstida.
Tankane kretsar om minner. Særleg om dei som ikkje lenger lever, men som har sett sine
verdifulle, og urokkelege spor i meg.
Etter som åra går merkar eg at eg er blitt meir bevisst mi eiga historie, og korleis den har forma meg som  menneske.

Eg kan ikkje takka dei nok, dei som har synt – og gitt meg av sin hjertevarme, omsorg, nøysemd og nestekjærleik.
Me har alle med oss ein ryggsekk full av minner og historier. Så er det dette valet då, eit val om kva me vil bera med oss vidare i sekkane våre.


Advent og jul, inga anna årstid framkallar så mange kjensler i oss.

Denne tida som har knyta til seg så mykje forventning om lys, varme og fellesskap.
Eg elskar denne tida, annleistida med varme menneskehjarter som lyser opp i mørket.
Ja,- for dei er her desse varme menneska, om me berre evnar å opne oss for deira varme.
For me må ha tru,- trua på at me er verd å ta imot denne varmen.

 

Me menneske treng kvarandre, det er rett og slett livsviktig for vår utvikling og mentale helse.

Difor er det så meiningsfullt å vere ein del av eit fellesskap, i familien, med kollegaer, vener og andre arenaer der ein kan dele med kvarandre.
Dei fleste av oss er bevisst dette, og søker til eit meiningsfullt mellommenneskeleg fellesskap.

Men så hender det stundom at livet «butta imot» og me ynskjer berre å krype inn i ein mørk krok. Gløyma og gøyma oss frå omverda, men aller mest for oss sjølve.
Å vera liten, sårbar og einsam er berre vondt, og gir inga meining.
Men i det meiningslause ligg ofte kima til å finna nye vegar, og ny meining.
Ei ubevisst kraft som får oss til å strekke oss etter det som slepp inn lyset, varmen og fellesskapet.
Små dråpar med glede kan føra fram mot det som gir livet meining og verdi.


Det krev mot og styrke å krype ut av ein mørk krok, men det er ikkje umogeleg,- heldigvis.


Sjølv på ein grå, grå dag har me alle eit lys djupt inne i oss.
Dette er ei sanning me aldri må gløyma.

For av og til blir ikkje livet slik me helst skulle yngst. Dette kan kjennast som ekstra sårt og smertefullt i adventstida.
Som menneske er me utsett for livet sine utfordringar med gode og mindre gode dagar.
Slik er livet, ingen veit kva morgondagen bringer oss.
Det me veit, og det me har – er øyeblikket.

Det me opplever her og no,- er det som livet gir oss akkurat no.

Difor treng me ta vare på dei gode øyeblikka våre.

Me treng å ta inn alt som utfoldar seg rundt oss med heile vårt sanseapparat.
Du vil oppdaga at det du finn i øyeblikka, er det som gjev livet ditt innhald, lys, fargar og meining.
Det er alt frå den minste ting som lette snøfnugg, barnebarn sine utrykk, ein god klem, stjerneskinn og bålpanne, å vakne til ein ny dag m.m.
Eg kan ramse opp i det uendelege, det kan sikkert du og for det er dette som er livet vårt. Det er det som skapar den verden som bur i oss, og som me trur på,- med lys og varme, eller tragisk nok, det motsette.

Du og eg treng å vita kven me er, kva som bur i oss, og kva me treng for å vera heile og i samklang med oss sjølve.
Me treng ikkje velja frå øvste hylle kvar dag, og det har sin pris å stå på tå og strekke seg for ofte.
Kva med å vera takksam for det som ligg på den hylla som rører hjarta, og julepynta den med det du og eg synest er aller mest verdifullt?

 

Me må heller ikkje gløyme å sjå kvarandre.

Sjå med hjarta og omsorga sitt blikk,- også innover i oss sjølve.
Kva kan eg gjera for å spreie lys og varme til dei rundt meg, og gje meg sjølv ein sann adventsmagi?
Tilfeldigheita kan rå, men alle har me moglegheit til å påverka kva dagane våre skal innehalda.
Evna til å skape det enkle og verdifulle som lokkar takksemda, smilet og gleda fram.

Lat oss også bli høgtidsstemte, og samla oss rundt bodskapen som blir oss fortalt om barnet i krybba.
Sjølve juleevangeliet, ei mirakuløs fortelling om dei enkle kår, nærleik og verdien i å søke mot lyset, og stjerna.

«Et lys skal brenne for denne lille jord.
Den blanke himmelstjerne, der vi og alle bor.
Må alle dele håpet så gode ting kan skje.
Må jord og himmel møtes. Et lys er tent for det.
- Eyvind Skeie

GOD ADVENTSTID

Tusen takk til Oddrun Waage, for at vi fikk dele denne nydelige artikkelen.
Oddrun er Coach og sitter i styret i Den Norske Coachforening.
Hun elsker for øvrig å ta med seg coachkundene sine ut i naturen, og natur er det mye av i Brandasund på Bømlo hvor hun bor. 

Hvis du også er nysgjerrig på ny utdanning eller styrking av den jobben du allerede gjør, her er kurs til deg.

Close

Uforpliktende forespørsel om coaching

I kommentarfeltet kan du skrive litt om tema om du ønsker, hvor du bor eller annen relevant info.
Vi kontakter deg innen 2 arbeidsdager.
Du kan også ringe oss direkte på 4043 7000